¤ ARVID HORPESTAD



IVRIGE: Entusiasmen var stor då ordførar
Frode Sulen og jentene og gutane i
friluftsgruppa i Veslefrikk barnehage sådde
solsikkefrø for å skapa merksemd kring Odd
Fellow, her representert ved Per Ellingsen, og
Rebekka-logen sin aksjon for å fullfinansiera
ein SOS-barneby i Malawi.

     -Hadde alle oppgåvene eg har som ordførar vore like kjekke som dette hadde det vore flott, konstaterer Frode Sulen fornøgd.
     Han er saman med Per Ellingsen og Aud Haraldsen frå Odd Fellow/Rebekka på besøk hos friluftsgruppa i Veslefrikk barnehage. Dei små nyttar sjansen til å vise gjestene den flotte gapahuken dei har fått sett opp på området like ved hestesportbanen. På den solrike, men kalde aprildagen brenn bålet.godt i den store grua inne i gapahuken.

Med barn for barn
Dei tre gjestene har ei hensikt med besøket. Med seg har dei posar med solsikkefrø. Ein pose med jord og rekker med små potter står klart. Bom og vaksne skal i fellesskap så frøa.
     Ordføraren er den første såaren.
     - Då må de passa godt på frøa mine. Eg kan ikkje koma hit sjølv og vatna dei kvar dag, slår han fast overfor ein lydhøyr gjeng barn.
     Etterpå er det dei ivrige jentene og gutane sin tur til å ordna med jord og frø.

Høgaste solsikka
Friluftsgruppa ved barnehagen i Åbøbyen er slett ikkje den einaste som sår solsikkefrø frå Odd Fellow/Rebekka i desse dagar. Dei vaksne i barnehagen tek posar med frø med seg til de i andre avdelingane i Veslefrikk. Likeeins får også alle dei andre barnehagane frøposar.
     - Premie til dei som får den høgaste solsikka! lovar ordførar Frode Sulen.

For Malawi
Solsikkeaksjonen er i regi av Odd Fellow/Rebekka, noko også resten av Sauda vil merka i dagane framover. Ordensmedlemane vil selga posar med solsikkefrø for å fullfmansiera ein SOS-barneby i Ngabu i Malawi.

arvid@ryfylke.net