logo

Søk

60 års Veteranjuvel i loge nr. 81 Gjertrud Rask

Måndag 20.02.2017 fekk Mossa Hall-Hofsø tildelt 60-års Veteranjuvel i loge nr. 81 Gjertrud Rask.

Storskattmester Vivi Skyrud Uhre og Mossa Hall-Hofsø

Søster Mossa Hall-Hofsø vart innvia i loge nr. 8 Midnatsol i Narvik den 19.01.1957. Ho tok overgang til loge nr. 23 Laboremus i Harstad då den vart stifta. Når loge nr. 81 Gjertrud Rask vart instituert den 15.02.1986 var ho ei av søstrene som gjekk over. Ho har dermed fått våre med å starta opp to loger.

Søster Mossa Hall-Hofsø har våre ei  aktiv logesøster i alle år. Ho har hatt mange verv både i loge nr. 23 Laboremus og i vår loge. Det var derfor svært hyggelig at det var så mange søstre som kom for å hedre vår nye Veteran.

Det var ein flott Veteran som  kom inn i logesalen, ho vart ledsaga av søster Unni Joakimsen. Dei har vært arbeidskollega.

Den høytidlege tildelinga vart leda av Storskattmester Vivi Skyrud Uhre. Det var eit stort ynskje frå Veteranen at det var Storskattmester som skulle stå for tildelinga. Dei er både gode naboar  og svært gode venner.

Det var ei flott og verdig stund i logesalen med nydelig musikk frå galleriet.

Etterpå gjekk alle søstrene ned til eit festpynta bord, der fekk vi servert ein nydelig festmiddag.

Storkattmester  helt ei flott og personlig tale til vår Veteran og overrakte ho gåver.

OM Olaug H Roaldstveit held tale og overrakte blomster på vegne av vår loge og takka ho for alt arbeide ho har lagt ned i logen.

OM Bente Aamot Hilmarsen  frå loge nr. 23 Laboremus overrakte blomster frå hennar loge.

Under taffelet  fekk vi musikkinnslag av tre brødre i loge nr. 118 Tore Hund, det sette Veteranen stor pris på.

Søster Mossa Hall-Hofsø held ei flott takke tale. Ho takka alle søstrene som kom for å hedre ho.

Så fortalte ho litt frå då ho vart tatt opp i loge og om turane dei hadde frå Harstad til Narvik. Ho fortalte og om oppstarten av vår loge. Om kor dei jobba og alt dei laga for å starta opp logen vår.

Når taffelet  vart heva gjekk vi ned i klubblokala og fekk kaffe.  Der fortsatte den gode praten og fleire søstre fekk overbringa blomster og gåver til Veteranen.

Vi som var tilstades denne kvelden vil nok aldri gløyme dette møtet. Det var ein opplevelse som kanskje ikkje mange av oss får oppleve fleire gonger.

Det var eit minne for livet.

Storskattmester Vivi Skyrud Uhre, Mossa Hall-Hofsø og DDS Rut-Guri Langset Nilsenvenstre
Bak Storrepresentant Siri Døsen, OM Olaug Horstad Roaldstveit

Framme til venstre: Storrepresitant Siri Døsen, Mossa Hall-Hofsø, EksOM Elisabet S Johnsen
Venstre bak: sekretær Dagfrid Killengreen, OM Olaug Horstad Roaldstveit, UM Tone Svenning, CM Torhild Bendiksen, Fungerende skattmester Elin Langstrand.

 

Odd Fellow Ordenen - Stortingsgt. 28 - 0161 Oslo - Telefon - 22 83 92 40 - Epost:odd.fellow@oddfellow.no
Odd Fellow Utstyr - Stortingsgt. 28 - 0161 Oslo - Telefon - 22 83 92 50 - Epost: of.utstyr@oddfellow.no