Sankt Olav

Historia til Sankt Olav

Publisert

 

Broderforeininga «Råna».
Odd Fellow Ordenen sitt arbeid på Sunnmøre vart starta i Ålesund. Odd Fellow loge nr. 23 Gange-Rolv vart stifta i 1948, som den andre logen på Sunnmøre. Det vart etter kvart mange brør frå Sykkylven og Stranda med i logane i Ålesund, og den 18. januar 1960 skipa dei broderforeininga i Sykkylven.  Det var 15 brør frå Stranda og Sykkylven som møtte hos Reinhardt Dalseth i Straumgjerde. Selmer Aure vart valt som formann og Trygve Straume som sekretær. For å markere fellesskapen mellom brødrane frå Stranda og Sykkylven, vart broderforeininga kalla opp etter fjellet «Råna» som ligg mellom de to bygdene.

Skiping av loge «Sankt Olav».
Logen vår vart instituert i Fønix-huset på Aure, den 16. februar 1963. Frå Oslo kom br. Stor Sire Håkon V. Ruud, br. Stor Sekretær U. de Paolis og br. Stor Marsjall Erik B. Lindseth. Dei stod for seremonien i lag med bl.a. 2. dep. Stor Sire br. Georg Garshol og DDSS Lars Hansen frå Ålesund. Det var til saman 35 brør som møtte opp til seremonien. Som dei første valte Embedsmenn vart desse installert: Eks. OM Petter Hjorthol, OM Selmer Aure, UM Olav Nerbøvik, Sekr. Asbjørn Fredriksen, Skattm. Harald Emdal og Kass. Elias Vinje. Etter at innviinga var gjort kunne 56 brør og søstrer samlast til festmiddag på Sykkylven Hotell.

Dei første åra.
Dei første åra i losjen var prega av stor iver og svært godt frammøte. Moderlogen Odd Fellow loge nr. 23 Gange-Rolv var til stor hjelp og støtte, og der var alltid ein eller fleire brør frå Ålesund på møta.
Dei heldt kåseri og instruksjon og kom med mange gode råd. Etter kvart vart brørne flinkare og meir sjølvstendige. Mat var ei utfordring den første tida, då det ikkje fans verken kjøkken eller kafé å støtte seg til. Det var først når det blei starta opp ei foreining av Rebecca-søstrer at det vart litt stell på matserveringa. Damene laga mat og inntektene frå dette, brukte dei som startkapital for oppstart av ein eigen Rebecca-loge i Sykkylven.

I nyare tid.
Den 16. november 1961 vart eit par rom i den gamle konfeksjonsfabrikken i Fønix-huset på Aure tatt i bruk av logen. Der hadde vi alle møta, utanom opptak og gradspassering, som vart gjennomført i Ålesund. Utover på 60-talet vart det etter kvart behov for eit større og meir egna lokale, og i februar 1968 vart det vedteke å leige Oscar-bygget på Stranda.

Nokre av brørne frå Sykkylven synes vegen over fjellet vart i lengste laget og meldte seg ut av logen. Dei aller fleste var like fullt med vidare og den 15. november 1968 vart lokala på Stranda innvigd. Rebecca-søstrene vart også med, og på denne måten vart lokala samlingsstad også for loge Venia.
Etter kvart vart det meir aktuelt å finne seg større og meir tidsmessige lokale. Det vart etter lange diskusjonar satsa på dei lokala vi har i dag i Straumgjerde. Desse var innflyttingsklare etter stor dugnadsinnsats i år 2000.

Logebrørne på Stranda etablerte det same året Odd Fellow loge nr. 137 Friaren som vi har eit nært og godt samarbeid med.

Odd Fellow loge nr. 69 Sankt Olav har dei siste åra vore blant dei største og mest aktive logane i distriktet vårt. Vi har i dag omlag 100 medlemmer, godt samhald og møte annankvar torsdag.