logo

Søk

Sirius Møre

I 2004 vart Sirius Møre etablert som ei stifting av Odd Fellow og Rebekka logane i Ålesund, Åndalsnes, Stranda, Sykkylven, Ørsta/Volda og Hareid/Ulstein/Herøy. Formålet til Sirius Møre er å skape trivsel for pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga ved Ålesund sjukehus. Alt arbeid vert utført av frivillige medlemmer frå logane.

Frå starten den 21. april 2004 vart det servert kaffi og vaflar ved Kreftavdelinga ved Ålesund Sjukehus. Den første tida ein dag – i dag fire dagar i veka.

I september 2018 kunne Sirius Møre i tillegg tilby ein bil til bruk for pasientar og pårørande ved Kreftavdelinga.

Erfaringa viser at både pasientar, pårørande og medlemmer i logane set stor pris på prosjektet!


Loge nr. 69 Sankt Olav
Stiftet den 16.02.1963
Ingen møteprogramkategori funnet!

Odd Fellow Ordenen - Stortingsgt. 28 - 0161 Oslo - Telefon - Epost: odd.fellow@oddfellow.no
Odd Fellow Utstyr - Stortingsgt. 28 - 0161 Oslo - Telefon - 22 83 92 50 - Epost: of.utstyr@oddfellow.no
Personvern