kr 30.000 til Ukraina

‘Vårlotteriet’ i regi av Rebekkaloge nr 111 Storfjord har løyvt storparten av inntekta frå lotteriet til Ukraina.

Loge Storfjord har kvar vår gjennom mange år arrangert ein såkalt ‘Hyggekveld’.

Dette har vore eit populært innslag i bygda med mannekengoppvisning, hyggeleg samvær, kulturinnslag, kaffe, mat og loddsal.

Inntektene frå dette loddsalet har gjort Loge Storfjord i stand til kunne bidra med støtte til ulike gode formål i nærmiljøet gjennom året. 

Dei siste to åra har det, grunna pandemien, ikkje vore råd å arrangere ein slik ‘Hyggekveld’. Også i år var det av ulike grunnar ikkje råd å få til. 

Så kom krigen i Ukriana med stort behov for hjelp og støtte.

Derfor kom ideen om å arrangere eit ‘Vårlotteri’, med hovudfokus på Ukraina. 

Vi vil takke alle lokale bedrifter og forretningar (inkl Ekornes, Sykkylven) for rause bidrag med gevinstar.

Takk også til alle loddkjøparar for støtte til ei god sak!