Sirius Møre.

Frå pinse i 2022 blei vaffelsteikinga ved Kreftavdelinga starta opp igjen, etter pandemien.

Etter den tid har loge Storfjord saman med Loge Friaren til no hatt vakt i tre veker. Siste vakt dette året blir i veke 48.  Det har blitt ein del bytting av personar på den først oppsette lista. Ofte vanskeleg å finne innbytter, slik at det vil bli fleire vakter på enkelte.

«Vaffelkurset» som blei arrangert på kreftavdelinga den 17. oktober, deltok det tre søstre frå vår loge: Gunnhild Brekke, Margot Sørå og Solfrid Blindheim. Dei «nyutdanna» ønskjer å reise saman med erfaren bror første gongen.

Vi er i alt 15 søstre i Loge Storfjord som er kvalifisert til vakter i Sirius Møre. Av disse er fire søstre registrert til vakter saman med ektefeller i loge Friaren.

Sju søstre kan, om nødvendig, og bra føreforhold, køyre med eigen bil, til vakter saman med brødre i loge Friaren, som bur i ytre strøk. Fire køyrer ikkje sjølve.

Dei fleste ønskjer likevel å ha vakt, og sitte på med brødre herifrå.