Sirius Møre Reisegodtgjering

 

Rutine for utbetaling av reisekompensasjon. Berre den som er sjåfør frå Stranda får reisegodtgjering. (passasjer ikkje) Må skrive «sjåfør» etter namnet sitt ved underteikning i loggen på kreftavdelinga. Søstre som har felles vakt med brør som bur i Ålesundsområdet må køyre åleine og får reisegodtgjering.

Representanten i loge Friaren (f.t. Asbjørn Rjånes) kontrollerer loggen ved Kreftavdelinga kvart halvår. Fyller ut reiserekning for kvar søster eller bror som har vore sjåfør. Sats for kvart oppmøte i samsvar med vedtak i logane.

Reiserekninga blir sent søstre/brødre som må føre på sitt bankkontonr., dato og signatur.

Levere reiserekninga til Sekr. og OM i sin loge for godkjenning.

Sender sjølv rekninga til Skm i loge Friaren for utbetaling.

 

Parkering

Som kjent så har vi no berre ein en gratis parkeringsplass (på taket) ved Kreftavdelinga.

Det har vore spørsmål/diskusjonar om kva med bil nr. 2? Dette er noko dei tilsette i resepsjonen ikkje har noko med – og har heller ikkje tid til å bruke ressurser på å sjekke ut.

Det er slik: Sirius dekker ikkje reisekostnader for logane. Dette ordnar logane opp i internt.

Fint om medlemmer som skal ha vaffelvakt blir orientert om dette.

 

Signy Mork

Representant

loge Storfjord

 

Siri Vegsund Andreassen

Leder Sirius Møre