Det var dåværande OM i loge Frendar bror Jørgen Velle som henvende seg til Eks OM søster Astrid Olsbø i Loge Liv i Ålesund og spurte om ho ville vere med på å forsøke å danne ein Rebekkaloge i Ørsta/Volda. Det hadde vore gjort forsøk tidlegare, utan at det  hadde lykkast. Det var 12 damer som den 29. mai 1969 vart tatt opp i Loge nr. 34 Liv i Ålesund. Det var den spede starten på å danne Rebekkaloge i Ørsta/Volda. Det var mykje som skulle gjerast før ein kom så langt som å danne eigen loge. Desse 12 søstrene la ned eit stort arbeid for at ein Rebekkaloge kunne startast i Ørsta/Volda. Dei hadde svært god hjelp av fleire søstre i vår moderloge Liv mellom andre søster Ruth Thon Madsen og søster Astrid Olsbø.  Etterkvart kom det fleire nye søstre til og til sist var dei så mange at Loge nr. 46 Symra kunne stiftast. 

Den 23. oktober 1971 vart Loge nr. 46 Symra instituert i Ørsta og Volda. Institueringa fann stad i Odd Fellow-bygget i Ørsta der Loge nr 46 Frendar  har sine lokale. Det Norske Rebekkaråd var representert, samt representantar frå den Uavhengige Norske Storloge og mange søstre frå Loge nr 34 Liv. I alt var over 100 personar tilstades på den høgtidelege institueringa. Rådspresident søster Randi Christoffersen leia den høgtidelege handlinga og overrakte fribrevet til Chartermedlemane søster Anne Marie Staurset, søster Else Katrine Halvorsen, søster Bertha Enesæth, søster Sanna Engeseth og søster Olaug Haavik. Logen fekk mange gåver og helsingar, blant anna fekk logen Cermonimester- og Inspektør-stavar frå vår moderloge Liv og OM-klubbe frå logane i Oslo. Som avslutning av den høgtidelege institueringa song søster Olga Barstad "Symra"-sangen av Hovden/Ulfrstad. Dette er fortsatt vår logesang.

 

                   

På bildet her ser vi første kollegiet i Loge nr. 46 Symra. Vi ser framme frå v: UM Else Katrine Halvorsen, OM  Anne Marie (Lillemor) Staurset og Eks OM Mary Aarset. Bak frå v: CM Olaug Haavik, Skm. Paula Johansson, Kass. Sol Krøvel og Sekr. Jenny Lundberg.

Vi ser også fribrevet som vart overrekt chartermedlemane Anne Marie Staurset, Else Katrine Halvorsen, Berta Engeseth, Sanna Engeseth og Olaug Haavik. 

Etter den høgtidelege institueringa var det festmiddag på Viking Fjord Hotell med søster Laila Bastesen som kveldens toastmaster. Mange taler og lykkeønskingar vart overbringa til den nystifta logen. 

På søndag var det gudsteneste i Volda kyrkje for alle søstrene der prost Martin Haga forretta. Etter gudstenesta var det lunsj på Viking Fjord Hotell for alle søstrene.

I januar 1975 vart Loge Symra og Loge Frendar einige om å kjøpe inn antipendium til logesalen og dele på den kostnaden.

Henrik Straumsheim skreiv i 1971 eit dikt til institueringa av Loge nr. 46 Symra.

Det blenkjer ei sol både blid og bjart,

der strålane inn får nå.

Der døyver ho alt som er kaldt og svart, 

der gyller ho alt det grå.

 

Og vennskap er sola som varm og klår

gjev hugen ein livsens kveik,

fekk ho berre lyse på vegen vår,

vart livet så ljost som ein leik.

 

Det strålar ei sol med ein himmelsk eld

med glød over fjell og fjord.

Og vil vi ta mot dette stråleveld,

fell dag-glansen over vår jord.

 

Og kjærleik er sola som veks og vinn

og kveikjer ein smil om munn.

Som doggperler små ber ho song or sinn

og suta or hjartegrunn.

 

Det logar ei sol med vedunderleg ljos

som veg gjennom mørkret finn,

og vondskapen kverv, liksom eim og os

der ljoset får trengje inn.

 

Og sanning er sola som skaper vår

for alt som er vokster verdt,

som skaper den verda der rettferd rår

med voner for alt vi har kjært.

 

Lat strålane gå ifrå land til land

og lyse på all vår ferd,

så knyter vi saman dei sterke band

som femner den heile verd.

Henrik Straumsheim 1971