Loge 46 Frendar vart skipa 25. juni 1955 etter eit omflakkande tilvære. Dei første åra vart møta halde i meierisalen i Volda og  det gamle losjehuset på Velle i Ørsta. Dette førte med seg mykje ekstraarbeid med flytting av stolar og alt som skulle vere på plass til kvart møte.

Ønskje om eit eige hus melde seg  og etter ein del sondering i Volda og Ørsta enda ein opp med at tomta "Doktorhjørnet" kunne vere passande. Det vart no sett i gang arbeid med å få kjøpe denne tomta. Vidare måtte ein få ordne med finansiering, teikningar og byggjeløyve. 

På dagen 7 år etter skipinga vart logesalen vigsla og teken i bruk. 

 

Foto: Torbjørn Strand

 

Det var i det mellombelse losjelokalet i meieribygget i Volda at Loge 46 Frendar vart skipa 25. juni 1955. Det var fleire helsingstalar og gåver, og etterpå var det stort festmåltid på Kafe Rose. Her var ymse innslag av underhaldning, - m.a. las Henrik Straumsheim den vakre prologen som han hadde skrive til høgtida. Her er første verset:

Det blenkjer ei sol både varm og bjart

der strålane inn får nå,

der døyver ho alt som er kaldt og svart,

der gyller ho alt det grå.

 

Under ser vi nokre av dei første embedsmennene. 

 

Og her er ein del av dei som var med: