Bakarmester Garmann Bore (født i Sauda 06.10.1916) vart medlem i Loge nr. 21 Fraternitas i Bergen 4.mai 1959. Det var han som sådde frøet som skulle verta til Loge nr. 88 Håkon Den Gode, då han i 1971 inviterte heim til seg Odd Fellowbrørne, Christian Fredrik Danmo (medlem av nr. 52 Catena Haugesund), og Oscar Fadnes (medlem av Loge nr. 25 Sam Johnson). Dei tre brørne vart einige om å undersøke om det var andre Odd Fellowbrør i Sunnhordland. Dei fekk med seg Kaare Haldorsen og Kristian Gjersdal, begge frå Rubbestadneset og medlemmer av Loge nr.21 Fraternitas. Desse 5 brørne vart einige om å prøve å stifte ein broderforening på Stord med medlemmar frå Stord, Bømlo og Halsnøy. I mars 1974 vart aksjeselskapet “A/S Odd Fellow-huset på Stord” skipa. Hausten 1974 vart det inngått leigeavtale med Sunnhordland Folkemuseum om leige av lokal. Hausten 1981 vart det underskrive ein leigekontrakt på 10 år på toppetasjen og loftetasjen i Turnhallen. Etter tiårskontrakten i Turnhallen kom broder Hans Hauan med forslag om å kjøpe underetasjen i Dampgården, som var til salgs. På generalforsamlinga 22. mars 1993 vart det vedteke å kjøpe første etasje i Dampgården, på 450 m2, av eigarane Anne Marie og Karl Johan Bore. Innviingsdagen 12. april 1997 stod ordenslokala ferdige.