Loge nr. 61 Spiren vart stifta i 1980 i Førde. Aase var ei av føregangskvinnene for å få etablert ein Rebekkaforening, og seinare ein Rebekkaloge.

I leir nr. 25 Hornelen, var Aase den første Hovedmatriarken. Ho var pådrivar ved etableringa av leiren, som vart stifta i 2010, Aase var chartermedlem.

Aase hadde ei ekte Logeånd og eit varmt engasjement for Odd Fellow Ordenen.

Aase var siste åra mykje plaga med helsa, men møtte i leir og loge så ofte ho kunne. I siste logemøte Aase var med, fekk ho tildelt 40-års Veteranjuvel. Dette vart ein stor dag for henne, også for alle søstrene i loge nr. 61 Spiren. I 2014 fekk vi 6 nye søstrer i logen vår, noko som gledde Aase stort. Aase hadde ei stor kontaktflate i Ordenen, og vil bli sakna av mange.

Vi lyser fred over Aase Sandøy sitt minne.