60-års Veteranjuveltildeling i loge nr.137 Friaren
Torsdag 23.01.25 hadde loge nr. 137 Friaren på Stranda den store gleda i å tildele 60-års Veteranjuvel til bror Kolbein Langlo
Ein fin og vakker seremoni leia av Stor Skattmester Ove Gloppen saman med sine Storembetsmenn, som for kvelden var: Distrikt Stor Sire Steinulf Grøvik, Eks. Storrepr. Helge Høegh Krohn, Eks. Storrepr. Hallvar Fjørstad, Eks. Storrepr. Sigurd Drege og Storrepr. Geir Kolbjørn Rødset.
Bror Kolbein Langlo vart innvia i loge nr. 69 St. Olav 21.01.1965. I år 2000 fekk vi vår eigen loge på Stranda, loge nr. 137 Friaren, og Kolbein melde då overgang til Friaren.
18 år gamal vart Kolbein medeigar i faren si bedrift, Peder K. Langlos Møbelfabrikk, og som då fekk namnet Langlo & sønn AS. I 2004 endra bedrifta namn til Langlo AS, og er i dag mest kjend for sine skyvedørsgarderober.
Sjølv om arbeidet som bedriftsleiar tok svært mykje av tida, held Kolbein på medlemsskapet sitt i Odd Fellow.
For å gi Stor Skattmester Ove Gloppen eit lite innsyn i den unike gründerånda vi har her på Stranda, tok vi like godt turen til Langlo AS for eit bedriftbesøk. Kolbein fortalde om utviklinga til bedrifta frå starten og fram til i dag. Bedrifta fyller 107 år i 2025. Vi runda av med ei omvising i produksjonslokala.
Så gjekk turen til industrimuseet, "Strandaindustriens historie". Den syner korleis driftige menneske skapte industri av handverk og gjorde vesle Stranda til ei blømande industrikommune i tida frå 1884 til vår tid.
Etter den høgtidsame seremonien i logesalen, kunne Undermester Sindre Osdal Berge ønskje velkomen til bords. Det vart servert "Strandabord". Eks. Storrepr. Sigurd Drege, som var kjøkkenansvarleg, orienterte om dei ulike produkta. Det var spekemat frå Tind og Stranda Spekemat, gravlaks, peparlaks og røykalaks frå Norsk Sjømat. Og med tilfang av det som høyrer til.
Det var helsingar frå Stor. Skm, DSS og OM. Jubilanten sjølv tok oss med, i sin tale, på ein dramatisk tur som gav grunnlaget til at han vart ein Odd Fellow.
Det heile vart avslutta med lett drøs mellom brørne før alle vart ynskt vel heim.