Storrepresentant Oddbjørn Nor
(bak, frå venstre), DSS Kristian
Haugan, Veteran Magne
Engeseth og Fung. Overmester
Asbjørn Rjånes tok del i den flotte
seremonien

Storrepresentant Oddbjørn Nor fungerte som Stor Marsjall i den flotte seremonien.

Magne Engeseth vart teken opp i Odd Fellow Ordenen i Loge nr. 69 St. Olav, den 3. oktober 1974, og følgde med over til Loge nr. 137 Friaren, då denne vart stifta i november, 2000.

Magne Engeseth har synt stor interesse for logearbeidet, og dei mange verva han har hatt gjennom 40 år er prov på dette. Dei mange helsingane på ettermøtet gav og uttrykk for at brørne har sett pris på den flotte innsatsen gjennom alle år, også etter at han som pensjonist busette seg i Ålesund.

Veteran Magne Engeseth held ein kjensleladd takketale på ettermøtet, der han fortalde om kva logearbeidet hadde hatt å seie for han gjennom alle desse åra.