Bildet viser vinneren - 17 år gamle Siri Tungland frankert
av Bror Leiv Løland fra Loge 41 Skaulen og Søster Aud
Haraldsen fra Loge 68 Linnea i Sauda

TORE BASTLIEN DAHL


- Eg har mest ikkje ord, men eg er utruleg lukkeleg over å ha å vunne. Premien er jo berre heilt fantastisk og eg gleder meg stort til eg skal reisa, seier ei tyde leg glad Siri Tungland.
     I går, torsdag, fekk 17 -åringen, som er elev ved Sauda vidaregåande skule, meldinga om at ho hadde sendt inn det beste forslaget og halde den beste presentasjonen i Odd Fellow-ordenen sin årlege konkurranse «United Pilgrimage for Youth». Premien er ei draumereise til USA og Canada.

Landsomfattande
Konkurransen som blir arrangert i USA, Canada og ei rekke land i Europa, har som mål å belysa FN si rolle i den globale verda og gi ungdom frå deltakarlanda sjansen til å møtast og få innsikt i nokre av utfordring ane FN står overfor. Aud Haraldsen frå Linnea-losjen i Sauda forte! at det finst 24 losje-distrikt rundt om i Noreg og kvart år vel ein altså ut 12 av desse som får senda ein representant til arrangementet. I år var Sauda ei av dei utvalde. Den lokale Odd Fellow-organisasjonen, som består av losjene Skaulen og Linnea, inviterte difor elevar frå VG2-trinnet på Sauda vidaregåande skule til å senda inn sine bidrag til konkurransen.

Studerte FN
Kriteria for å vera med i årets konkurranse var at elevane skulle skriva ein stil og halda eit føredrag om temaet "Den Gyldne Leveregel i vår tid". Leveregelen tek utgangspunkt i ordtaket; gjer mot andre det du vil at andre skal gjere mol deg.
     Bidraga blei så vurderte av ein jury beståande av personar frå Odd Fellow-ordenen og representantar frå Sauda vidaregåande skule. Av dei to bidraga som var med i konkurransen utmerka 17 år gamle Siri Tungland seg. Saudajenta, som går andre året på studiespesialiserande ved den vidaregåande skulen, retta fokuset mot korleeis den «Den Gyldne Leveregel» blir praktisert i FN.
     - FN har denne regelen som ein del av sitt verdigrunnlag og eg tenkte difor at det kunne vera nyttig å sjå korleis dei praktiserer denne, framhevar Thngland.

Kritiske spørsmål
Sjølv om «Den Gyldne Leveregel» er ein del av verdigrunnlaget til organisasjonen fann Siri Tungland ut at det ikkje alltid er samsvar mellom teori og praksis. Mellom anna retta ho kritikk mot FN sitt vetorett-system. Vetoretten inneber at sjølv om fleirtalet av medlemmene stemmer "ja" i ei sak, vil eit "nei" frå eit av dei faste medlemslanda i tryggingsrådet, USA, Kina, Frankrike, Storbritannia og Russland vera nok til å hindra vedtaket  Ein annan ting skuleeleven retta fokus mot var tilhøva i ein flyktningeleir i Sør-Sudan, der FN har fått kritikk for kummerlege og dårlege leveforhold.
     - Begge kandidatane var veldig flinke, men Siri Thngland utmerka seg. Ho hadde evna til å stille ei rekke kritiske spørsmål og sette lys på aktuelle tema, framhevar Leiv Løland frå dommarpanelet.

Variert program
17-åringen blir dermed ein av tolv norske ungdommar som i slutten av juni reiser på ei fjorten dagars draumereise til USA og Canada. På programmet står mellom anna eit besøk i FN-hovudkvarteret i New York, møte og foredrag med fleire FN-medarbeiderar og sightseeing til kjende landemerke som Empire State Building og Friheitsgudinna. Deretter følger eit besøk i hovudstaden Washington D.C. før turen går vidare til Canada.
     - Det blir nok ei utruleg oppleving for meg og eg kjem til å læra mykje. Av ein eller annan grunn har eg alltid vore svært fascinert av Canada, så det blir eit av høgdepunkta på turen. Men for all del, det blir flott å fåoppleva New York også, avsluttar Siri Tungland.

tore@ryfylke.net